Gjer fridykking til ein allmenn folkeaktivitet på Søre Sunnmøre
Om oss
Njord Freediver jobbar for å gjere fridykking til ein allmenn folkeaktivitet på Søre Sunnmøre. Basert i ein region med havet som næraste nabo er vår visjon å gjere utforsking under vassoverflata tilgjengeleg for alle - gjennom menneskemøte, interessedyrking, turar, trening, felles ressursar, utstyr og kunnskap. Uansett utgangspunkt, nybegynnar eller erfaren, er Njord Freediver eit dykkarfelleskap for deg. Vi femnar om eit breitt interessefelt der ingen undervasshobby er for smal. Havet er ein del av folkesjela for oss som lever langs kysten. Saman ønskjer vi å kome i kontakt med denne delen av oss, på ein trygg og inkluderande måte - som gjestar i ei verd, større og mystisk enn den vi til dagleg utforskar på land.
Å drive med fridykking er i og for seg ein nokså rimeleg hobby, men inngangssummen kan likevel bli litt stor for mange – spesielt om du er usikker på om hobbyen er noko for deg. Vi i Njord Freediver håpar å kunne gjere hobbyen lettare tilgjengeleg for folk gjennom å: Tilby utlån av utstyr og […]